mandag 22. juni 2015

Endelig - syrommet klart for kaos :-)

I helga har eg storkosa meg ved symaskina. Spesielt søndag satt eg ute og quilta dette flotte teppet som skal leveres til teppeaksjonen Tepper som varmer.




 Eg brukte denne vatten;


Fordelen med denne er at eg kunne stryke den glatt der den hadde nokre skrukker. Og den er mjuk og deilig. Eg pleier tape fast vatten til gulvet før eg monterer, da ser det slik ut;



Så har jo syrommet vore i omorganisering og no er eg komt så langt at eg kaller meg for ferdig. Fremdeles står der jo ting framme som kunne vore bedre gøymt, men slik blir det i denne omgang. På bildet under ser du kurven med resteposer, kurvene med flanell og vatt i større og mindre biter.


Her har symaskina fått plass ved vinduet slik eg drøymde om. Levande blomster gir deilig energi.

I desse boksane under er der japanske vevde stoff, ja sikkert til ti tepper. La meg ikkje dvele ved det. I de lyse kurvene er der rester. De får stå slik- Kan være eg legg eit teppe over alt dette så skjules det litt.
Eg har dekka glasset i skapet med stoff, og det skal eg gjere med dei andre vidua også neste gang det blir tømt. Det gav ein skikkelig god følelse å gøyme det som var inni.

Eg har samla ein del av bøkene mine i denne vegghengte bokhylla. Shakradukkene mine er ikkje fornøyde, eg får sjå kva sengeplass dei kan få med tida.

I ei lita kurv på gulvet er der litt av kvart remedier eg treng når eg syr.

Ah, ser det ikkje fint ut?


Fire bokser til småprosjekter.
 Skulle eg føle at eg burde ha vaska huset når eg vil sy, så gjer eg som på plakaten. Bruker 12 minutter på ein kjapp energi makeover; Åpne vidua, tørk av litt støv, bank putene, vanne plantene, ha litt lavendelolje i krokene, brenne litt røkelse, ta ut søpla, spille musikk, ja, det skulle no halde lenge :-)

Her er gjestesenga.

Det var godt å få stoffa ut av augesynet, når eg sit og syr.

I dag blir det lite saum, eventuelt litt lukkekant i sola. Fotballkamp med eldstemann, så ettermiddagen kjem til å gå som ein røyk.

***

Eit par dager har gått. Eg har nokre stoffer i butikken som har ropt på meg kvar gang eg har gått forbi dei. Dei kom i butikken for vel ein månad sidan, og eg har visst ei stund at desse MÅ eg sy noko av.  Om du kun vil kjøpe den pakken kan du det, da bare seier du ifra i meldingsfeltet. Og du finn også stoffene enkeltvis i Michael Miller kategorien.

Uansett. Eg visste eg ville bruke den store twisterlinjalen, så eg starta med å sy rutenettet. Du treng då 36 firkanter som måler ca 10 ganger 10 inch. (25 ganger 25 cm) Til ramma rundt har eg brukt ca 90 cm med stoff, der bredda er 6 inch, eller 15 cm. Slik såg det ut før eg starta å skjære på nytt;
Eg har gjort så godt eg kunne og fordelt firkantane slik at det er litt kontraster mellom de. Da kjem twisterforma bedre fram. Eg skal innrømme. Eg grua meg litt til neste del. Men, eg bestemte meg for at eg skulle sette i gang og ikkje gi meg før eg var ferdig. Eg var forbausa over at det kun tok ca ein times tid å kutte ut alle sammen og sy de i blokker. Eg kutta ut fire, sydde de sammen, kutta de neste fire, sydde de sammen. Da ser det slik ut;
Som du ser her så blir det 3,5 blokker kvar vei. No var klokka blitt 22.30 og eg gikk til sengs. Planen var å sy resten i ettermiddag, men når eg sto opp var det syrommet som ropte høgast. Eg bestemte meg for å utsette morgonmeditasjonen til i ettermiddag og sy sammen blokkene. Her ser du resultatet;
Ferdig arbeid måler det ca 130 ganger 130 cm. Passe til ein duk på eit stort bord, eller eit lite piknikteppe. Eg kjem til å sende det til Quiltestallen i Bergen for quilting. Eg kunne quilta det skjølv, men eg vil spare skuldrane mine og også bruke tid på å sy andre kjekke ting :-) Harde prioriteringer som du skjønner :-)
Til sist - eg har fyllt opp att trådspolehaldaren min. Eg har ergra meg i lengre tid kvar gong eg har gått tom på spolen for tråd - kvifor har eg ikkje ordna meg med ferdigspolt undertråd? Så gløymer eg det kvar gong eg er i butikken. Dei koster kun 9 kr pr spole, og tråden koster om lag det samme som om du skulle kjøpe den på snelle for å så vinsle den over. Her ser du min holder;

På plakaten på syrommet står krabbeteppe til baby som blir født rundt 4. juli. Og etter det blir det toalettmapper. :-) Prosjektene står i kø, og det er så kjekt :-) Ønsker deg ein fin dag :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar