mandag 16. desember 2013

Isbadning og del 2 Bonnies

Ja, denne helga har vore innhaldsrik og god. Eg har fått sydd mykje på Bonnies Mysterie som eg er så begeistra for, og del 2 er no ferdig. Her kan du sjå mine Chevrons.

Det betyr at eg kan i kveld begynne på del 3 og det er eg veldig takknemlig for. Apropos takknemlighet. I går bada eg i fossen til Karina. Isbading er vel å ta hardt i då temperaturen i vatnet var 6 grader. Men det var snø på bakken og eg følte eg knuste ein barriere ved å gjere det. Heilt frå eg var liten, og pappa skulle gi meg ein lærepenge ved å halde meg uti elva i den strie straumen for å vise meg kor farlig elva var, så har eg vore livredd vatn. Nesten uansett temperatur - alt under 35 grader har vore kaldt og vanskelig. Vel, det var fram til 15. desember 2013. I heile haust sidan Karina begynte å legge ut bilder av bading i fossen klokka sju om morgonen, har der vore ein lengsel etter å klare å gjere det same. Laurdag la ho ut nokre aldeles vidunderlige bilder som du ser her;
Eg var ikkje i tvil. Denne sjangsen kunne eg ikkje la slippe fra meg. Så eg fekk med meg ei venninne og vi dro opp. Der møtte vi Karina og tre andre kvinner og en etter en hoppa vi ut i det friske vatnet. Eg bada til og med to ganger, etter ein omgang i badestampen og badstua. Tusen takk til dere alle som gjorde dette til ein herlig opplevelse. :-)
For de av dere som har lyst til å prøve det samme finner dere Karina Hetle Solheim på Facebook. Ho driver Fosseheimen Naturpark sammen med mannen. De har all slags aktiviteter gjennom året, så det er berre å ta kontakt og høyre om noko kan friste.
 

lørdag 14. desember 2013

Del 1 Bonnies Mysterie er ferdig :-)

Eg er ferdig med del 1 av mysteriet. Veldig kjekt og eg er litt letta også. Eg har jo sett fram til dette mysteriet i eit år, og når tida kom så var det slik at andre ting vart prioritert før dette. Er det mulig, lurer du kan hende, og ja det forstår eg heller ikkje. Men, no er no del 1 i boks, og eg har rydda syrommet klart til del 2 i morgon. Klem til deg der du er :-) Desiree

lørdag 7. desember 2013

Bonnies mysterie - skrider langsomt frem

Eg er takknemlig for mange ting i dag. Det første er at eg har bortimot ikkje trengt å tenke på å puste i dag, det har gått heilt av seg sjølv utan stans. Så er eg takknemlig for at vi har fått ny vaskemaskin i hus og for at vi har vaska fire eller fem maskiner med kle. Det er no bortimot tomt på vaskerommet. Eg er takknemlig for at vi er friske og fine, og at det har vore vannvittig med snø hos oss slik at ungane har kunna vore masse ute i snøen og leika. Eg er takknemlig for at eg ikkje er bitter og sur for at det einaste vi egentlig skulle i Førde i dag var å kjøpe toner til printeren, og det gløymde vi. Vi måtte le litt av det, og eg tek ein tur på mandag i staden. Kven veit kva som kan hende da? I alle fall. Innimellom har eg vore lange stunder på syrommet. Eg har sydd de oransje blokkene i del 1 i Bonnies Mysterie.

Videre har eg skåret alt som skal være til del to. 488 * 3 Og det er deilig. Resten av veka kjem eg til å putle på litt no og då, og satser på å være i mål til torsdag.
Håper du har det bra der du er. Klem fra Desiree

torsdag 5. desember 2013

Boks - mysterie og småtteri

Eg mangla eit etui til kameraet mitt, og slik vart denne boksen til. Den vart dobbelt så stor som nødvendig, men eg hadde det veldig kjekt når eg sydde den. Fekk ta i bruk den superstore knappen eg kjøpte i sommar i USA.

Her tenker eg no å ha litt twist oppi :-)


 Så lang er eg komt på Merete sitt mysterie. Er i mål og har kun att montering og quilting. Det har vore veldig kjekt å være med, tusen takk Merete :-) mreteveian.blogspot.no/

Nokre smågåver har det også blitt desse dagane. Kven som får dei vil tida vise :-)
Varm klem til dere alle!