tirsdag 28. mai 2013

Solar Plexus

Inspirasjon - det er berre så herlig å komme i kontakt med den boblande inspirerte kreativiteten. Eg var så heldig å møte fleire kvinner når eg var på innkjøpstur i USA, (kjøpte masse flotte stoffer til butikken) og i desse møtene kunne eg kjenne lengselen etter å komme heim til symaskina. Blant dei tinga som inspirerte meg var entusiasmen rundt moderne quilter. Så, eg har prøvd meg på ein moderne quilt etter eget hode. 
Eg har tatt utgangspunkt i en Cracker som du finn her. Det er ein pakke med 40 batikkbiter som alle måler 10 ganger 10 inch. Eg har no berre brukt ni biter, så enda er der mange att. Videre ville eg ha eit mønstrete stoff, og heldigvis hadde eg desse søte blomane på beige bakgrunn i sysakene mine. Ei god påminning om at det er ikkje så værst å ha eit lite lager, og at det er berre tull å "bruke opp" stoffene mine. Vel, her ser dere resultatet. 
Sidan dette er det tredje teppet i chakra serien, og eg er komen til gul, så vart det gult. Temaet er Solar Plexus, eit energifelt i mellomgolvet. Positivitet og god humor er eit av nøkkelorda her. Eg er primært i kontakt med optimisme, så det forklarer vel kvifor eg ikkje har heilt det store behovet for gult i kvardagen. Den energien er på plass allerede :-) I dag er det blå himmel og varmt - så da passer vel det flott med eit gult solar plexus teppe? 


Eg har quilta små sirklar i blokkene. Liker godt å quilte på denne måten. 


Jammen kom ikkje Mons også med på bildet. Han liker seg godt der han kan få være i sentrum :-) 
Håper innlegget er til inspirasjon og glede for deg der du er. Klem fra Desiree