torsdag 24. januar 2013

Easy og koppebrikke

Kva med ei lita koppebrikke til nokon du er gla i?

Og her sitter eg og syr rammer på Easy Street. Eg fekk ramma og bakstykket ferdig, så no skal eg sende det til Anne i Quiltestallen for quilting. Gleder meg til å gjere det heilt ferdig. Varm klem til deg og dine :-) 

lørdag 19. januar 2013

Regnbuen

I dag har eg kosa meg med å sy ei gave til ei kvinne eg ikkje har møtt før. Dette er utgangspunktet for ei toalettmappe, og eg er veldig nøgd med det ferdige produktet. På bildet ser du panelet som etterkvart fikk svart ramme med regnbuens fargar i. Det var nok blitt litt blåtime når bildet vart tatt, så lyset er ikkje av det beste til å få fram det rette fargeinntrykket. Eg koser meg med restane, og er forundra over kor langt dei strekk.  
Gutane skulle i bursdag i dag, og i går fekk eg grei beskjed. No var det nok penalhus og pengepungar. Eg fekk begynne å sy skåler i staden. Så da vart det ei skål med kolaflasker på. Diameteren er ca 30 cm, så den vart stor og god til chips eller anna. Ein kamerat var med når vi pakka inn, han skulle gi hundre kroner. Så vi pakka dei like godt inn saman.  
Til sist; Eg held på å samle inn sangar til eit prosjekt eg jobber med. Eg har lova alle dei som gir meg deira fem favorittsanger at eg skal sy ein mug rug til dei. Kun ein har meldt seg så langt, og her er mug rugen han får. Sydd i rester denne også. Eg håper han blir fornøyd, han har bestilt lyseblått. 
Ellers har eg diverse paralelle prosjekter, og eg storkoser meg ved symaksina. Varm klem til dere alle!

torsdag 10. januar 2013

Sandy blokker

Eg var så heldig og fremdeles er, at eg kom over ei bloggvenninne som syr blokker som skal sendes til USA, der de skal syes sammen til tepper og så doneres til de som mista alt i stormen Sandy. Eg har meldt meg på med åtte blokker. Dette var ei ny utfordring for meg. Etter bildene eg såg, så skulle blokkene bli sydd av rester, og uten nokon som helst plan. Eg er godt fornøyd med resultatet, og synest at dei vart no ikkje så verst likevel. Vil du lese meir om donasjon av blokker? Klikk her.

mandag 7. januar 2013

So far so good :-)

Ja, då er eg komen så langt i Easy Street. Egentlig er eg på ein måte i mål, men det skal smal ramme og brei ramme også på. Dette lyt eg nok skaffe meg stoff til, da eg ikkje har så mykje i hyllene mine. Eg skulle nok klart å skrape sammen lilla til den smale ramma, men eg har ikkje lyst til å bruke opp det vesle eg har att. Åh, det har vore så kjekt å være med på dette, og håper det ikkje er lenge til eg finn eit mysterie eg vil være med på att. Skulle du vegre deg for å være med på eit mysterie pga språket, så vil eg  sei at det går heilt fint om ein er litt krøkkete i engelsk. Varm klem! Åh, no skal eg begynne å sy videre på noko lite enkelt. :-)

torsdag 3. januar 2013

Fargerike baksider

I dag har eg laga noko som eg fann på ein blogg. No har eg klart å tulle bort bloggen, eg håper dere kan tilgi meg for det. Eg har gjort det litt annleis enn inspirasjonskilda. Eg har brukt stoff, og strauk ei smal stripe med Steam a Seam på boksen. Eg kunne også gjort det på stoffet. No er permane ein fargeklatt på tv stova vår. Vi tuller ofte med at "jammen bra vi har bladene i boksene". Fakta er vel at vi åpner dem omtrent aldri. Blant anna er Jakt og Fiske dei bladene som er freda. :-)

onsdag 2. januar 2013

Tizzys mysterie ferdig :-)

Veldig stolt og fornøyd :-) I kontakt med styrke og tilfredshet. Eg bestemte meg for ei stund sidan å være med i Tizzys Nyttårsmysterie. Vi fekk ei heimelekse med kva som skulle være ferdig sydd. Så fekk vi oppgaver kvar time heile 1. januar. Eg fekk besøk av Jofrid, så i starten av besøket sydde eg ikkje. Ho kom rundt fire, og det første cluet vart lagt ut klokka tre. Så eg sydde litt, så kom ho. Vi prata og spiste som seg hør og bør i eit besøk, men etterkvart som eg hadde fortalt om mysteriet og anna så måtte eg berre sette meg ved maskina og sy. Jofrid synest også det var spennande, og klokka vart ti før ho kom seg heim. Da var eg ferdig med clu nummer fire eller fem. No er heile teppet ferdig, og eg er kjmepefornøyd! Sidan eg er ny i gamet med mysterier, så har eg valgt å bruke samme farger som ho anbefalte. Eg hadde nok aldri valgt dei samme, men eg er veldig fornøyd med resultatet. No er det over på Bonnies mysterie, innimellom rydding og nytt te-besøk i kveld :-) Bloggen til Tizzy finn du her.