torsdag 21. november 2013

Mine rom for avslapping og kreativitet

Eg har lyst til å dele litt korleis eg har det når eg er på syrommet mitt. Det er malt
og møblert slik eg har lyst til å ha det. Videre endrer det seg litt etter kvart, og det siste er nok at no er alle stoffene inne på syrommet :-) Ja, eg har hatt nokre i ei hylle i tv stua, men det følte eg blei litt feil. Så no tok eg tak og rydda opp. Under ser du bilde av dei to liggande cd hyllene, der eg har ein del av stoffene. Tja, kan hende 1/4 del.

Eg har vore så heldig at eg har fått meg nytt strykejern, det er trådløst og det kan eg varmt anbefale. Eg har også rett og slett spikra fast strykebrettet på bordet, da er det der det skal være. Eg har ein del pausearbeid på gang. Med pausearbeid meiner eg ting eg syr på når eg ikkje har noko spesielt fore. Da veit eg at eg kan alltid gå på syrommet og slappe litt av, sjølv om eg ikkje heilt veit kva eg vil sy. Som regel poppar det opp ein ide medan eg sit og syr på eit slikt pause prosjekt. Her der første pauseprosjekt;

I denne boksen legg eg striper som er til overs når eg har sydd noko. Stripene kan være av ulik breidde. Så når eg har nokre striper så bygger eg på log cabin blokker. Eg trur ikkje der er så mange enda, kan hende 20 stk? Eg har ei lys side og ei mørk side. Ein dag er der sikkert nok til eit dobbelt sengeteppe :-)
Denne fine boksen kjøpte eg på loppemarked. Den over har det nok vore godteri fra tax freen på. Men i twist boksen - hah - det gjekk opp for meg no - der ligg det kvadrater som eg skal bruke i twister produkter. Kult ka :-) No sitter eg og smiler her. I alle fall. Der ligger det fine kvadrater (fordi eg klarte å skjære opp alt formange her tidligere) og de skal bli til fine små ting.
Videre. over ser du ein slik boks der det har vore kaffidrops i. Den er kjøpt på garasjesalg i USA. Der er det litt av kvart småtteri i, men det er det som er under boksen som er pause prosjektet. Av ein eller annan merkelig grunn så har eg så mange beige rester. Dei syr eg sammen til kvadrater som måler, tja, var det fire eller fem inch? Kva dei skal bli til, det veit eg ikkje. Men av og til syr eg no sammen nokre kvadrater.
 
Her ser du to små prosjekt. Det eine er rett og slett de søte bandet som skal pynte på ei Annas Sminkepunk. Eg har alt klart, så det er berre å sy. Ved siden av er ein print av nokre vidunderlige brikker som eg har lyst til å sy. No husker eg ikkje heilt kven som har sydd dei eg har printa. Men, fine er dei.
Denne kule boksen kjøpte eg på bruktbutikken i Førde. Tenk, dei solgte sild i slike bokser. I der har eg evighetsprosjektet mitt, bitte små biter som ein dag skal bli eit stort teppe.
Ja, no har du sett litt av mine prosjekter. Eg har jo Bonnie sitt som snart skal i gang, mindre enn to uker til. Eg håper du har høve til å kose deg like mykje med syinga som eg har. Varm klem til deg og deg og deg og deg!

9 kommentarer:

  1. Så flott med ei liggande cd-hylle. Trudde du hadde ein heil butikk full av stoff! Eg og har mange slike boksar som dukkar opp her og der. Innhaldet er ikkje alltid slik at eg hugsar kva eg tenkte da eg sydde det. Men det gjer vel ikkje noko? Kjekt med ein slik hobby i alle fall. Ha ei fin helg når ho kjem i morgon.

    SvarSlett
  2. Kjekt å se og lese hvordan du har det på syrommet ditt. Mange tøffe bokser du har fått tak i. :-) Takk for gode tips til å få systemer i stoffrester. De er en stor utfordring, syns jeg. Både å få system, og å få til å bruke de. :-)

    SvarSlett
  3. Kjempelurt med de cd-hyllene.jeg drømmer også om ett eget syrom-Kanskje til høsten når ene datteren drar i militæret?

    SvarSlett
  4. Hei jenter :-) Ja, eg har jo ein butikk full med stoff, men det er jo stoff eg skal selge og som er levebrødet mitt. Privat er det nok mest stoffer som eg har kjøpt når eg har vore ute og reist. Så spenande Haldis at du kan hende får nytt syrom? Har dere sett på de programmene Kaoskontroll? Eller der de kommer inn i et hus som er kjemperotete og så rydder de opp? De var til stor inspirasjon når eg laga syrommet mitt. Eit tomt rom og så var det å sette i gang :-)

    SvarSlett
  5. Birthe Marie, desse boksane er overraskande lette å få tak i. De fleste bruktbutikker og loppiser har slike. :-)

    SvarSlett
  6. Tusen takk for at du lot oss få titte inn til deg :) Det er alltid kjekt å få ideer til forskjellige ting. Sjøl har jeg flytta inn mitt nye syrom før det er helt ferdig. Bruker skjøteledninger og har lister liggende på gulvet. Men jeg kunne ikke vente!!! ;) Ha en fin helg!

    SvarSlett
  7. Så kjekt å få se hvordan du har det på syrommet! Veldig smart med de boksene og ha stoffbiter i dem. på rommet mitt er det en salig røre nå, må få ryddet litt til adventstida. Ha en fin helg:)

    SvarSlett
  8. Så koselig du har det på syrommet ditt! Jeg liker også slike bokser, og har ett par stykker :)

    SvarSlett
  9. Så koselig å lese kommentarene deres. Syrommet er jo ein plass vi skal bruke mykje tid. Hos oss må tvillingene dele rom og eg veit eg kjem aldri til å gi avkall på syrommet. Vi har ikkje gjesterom og heller ikkje noko rom til kontor. Så harde prioriteringer :-) Varm klem!

    SvarSlett