fredag 30. november 2012

Adventskapper

Adventskappene er ferdige. Sidan eg er med i Bonnies Mysterie visste eg at det kunne være greit å være ferdige med desse til mysteriet kom på plass. Eg er veldig fornøyd, blokkene er sydd med den vesle twisterlinjalen. Grått rundt og kun fire blokker i kvar kappe.
Godt nøgd :-)

tirsdag 27. november 2012

Bonnies Mysterie

Her er mine 194 firerblokker til mysteriet. Veldig spennande er det.
Følg med i dei neste bloggpostane så ser du korleis det går.

mandag 26. november 2012

Grytelapper og eit mysterium

Kjære du som les desse linjene. I dag har eg altså sydd noko eg har solgt. Ah, nei eg har solgt noko eg har sydd. Det var ei lita vesleveske og eit par grytelapper. Grytelappane var i limegrønt og gult, så ikkje akkurat noko for novemberdagar. Den vakre kvinna som kjøpte dei sa, men du? Kva om du hadde nokre grytelappar i julefargar? Og eg formeleg sprang heim og sydde eit par julegrytelappar. Sidan eg foreløbig lyt klare meg med kameraet på mobilen så lyg biletet litt på fargane. Den er ikkje limegrønn slik den ser ut på bildet, men meir mot ein lys olivengrøn. Hehe, du trudde kan hende at eg ikkje har peiling på fargar i det heile? Vel, du tok heilt feil :-) Jaja, uansett. Eg har kasta meg med på eit julemysterium, men det trur eg eg skal fortelle meir om i morgon. Då kan eg ta eit bilde av det eg har sydd, og vise det. Då må eg huske å nytte meg av det vidunderlige dagslyset :-)

torsdag 8. november 2012

Regnbuens farger

Ja, regnbuens fargar. Dei elsker eg. Det er så flott å sjå korleis desse fargane går over i kvarandre, og å bruke dette som utgangspunkt når eg skal sy. Denne gangen har eg prøvd meg på små hemper på kvar side av portemonneen eller vesleveska. Ah, Vesleveksa, var ikkje det eit flott navn? Heretter trur eg eg skal kalle dei Vesleveskene mine :-) uansett, den har samme dekor på hi sia også. Også kan du sjå ei lita dekkebrikke. Den er uten lukkekant, berre lukka med tett dekorsaum. Trur nok det blir fleire slike. Ha ein fine dage due :-)

lørdag 3. november 2012

Sortere trådene

I dag har eg sortert i tråden min. Eg har ikke noko eg MÅ sy, eller noko kreativitet i augneblinken som vil manifestere seg ved symaskina, så eg nyttar sjangsen til å rydde litt. Eg synest ofte når eg syr at eg manglar akkurat den tråden eg treng, og det er jo rart når eg har så mykje tråd. Blant anna har eg ikkje alltid tråd til å legge til lukkekanten for hand. No har eg bestemt meg for å prøve å bruke Lenes Silketråd til det. Den er jo sterk, og ikkje glatt, slik eg synest probelemet kan være med rayon tråden. Når eg sorterer til tråden finn eg lekre fleirfarga tråder, og eg trur at det neste eg syr skal være med utgangspunkt i ein slik tråd. Ha ein deilig dage då due :-)

fredag 2. november 2012

Bursdagsgave

Her ser du eit glimt av to ting. Det eine er eit teppe eg har sydd for mange mange år sidan. Eit av dei første sengeteppene eg sydde og det er no duk på eit av borda i butikken. Så ser du ein liten pung eller veske til å ha penger i. Tvillingane skal i bursdag på mandag, og i år har eg sydd nokre slike i bursdagsgåver. Eg spurte dei, tja, kva farge pleier denne guten ha på klea sine? Ja, han går ofte i noko oransje. Så da håper eg han liker oransje, for no har eg sydd i oransje :-) Og no trur eg jammen eg skal sy ei lita veske til. Klem klem!