søndag 3. juni 2012

Kreativitet og flow

I dag har eg sydd noko som eg har tenkt lenge eg skulle sy. Av og til, eller heller ofte, kjem eg over små ordtak som eg tenker... ah,... det kunne eg sydd på eit eller anna. For ei tid tilbake snakka eg med ein kunde som fortalte at ho synest det var så kjekt å sy slike små bilder. For meg var det enda eit teikn på at.. det er jo berre å sette i gang.. Konfirmasjonen er over, og unnskyldningane eg har hatt for å ikkje sy dei, vel det var no slutt på dei. Og eg er veldig nøgd med det første bildet. Teksten seier, Everything that is alive has a soul. Eg synest det er ein fin tekst og tanke. At alt som lever, har ei sjel. Eg har hatt to skjorer utanfor huset som har spist på fuglematen. Først var det noko i meg som sa at eg skulle jage dei vekk, for det var småfuglane som skulle ha maten. Men så slo det meg. Kvifor i alle dagar er småfuglane meir verdt enn skjorene? Det er dei jo ikkje. Skjorene har også sjel. Og magesekk tydeligvis :-) og hunger. Og alt mulig som vi alle har. Vel, håper du finn glede i nuet - klem til deg fra meg :-)