mandag 20. februar 2012

Påskeduk klar :-)



Ja er det ikkje rart? Snart er påska her. Og påske er for meg snø som smeltar og sola som skinner i bakkane. Her på Sande er naturen laga slik at om vinteren så skin sola på nokre bakkar i fjellsida til eit fjell som heiter Fløyen. Dei som bur på den sida bur på solsida på ein måte. Andre mister sola rundt fire fem veker om vinteren, då er ho bak eit fjell som heiter Steiafjellet. Uansett. Eg har sydd ferdig ein litt utradisjonell påskeløper. Så eg har to fine løpere eg skal legge fram når påska kommer. Av ein eller annan merkelig grunn har eg masse julepynt og lite påskepynt. Men, det akter eg å gjere noko med. Trur til og med eg skal sy oss påskebrikker, og de også i litt utradisjonelle farger. Kjenner kjeven strekker seg litt og eg lurer på om eg er i ferd med å gape over for myke? Hehe. Uansett. Påska kjem kvart år, og den er så deilig med lovnader om sol og sommar. Mamma pleide å pynte masse, og eg trur jammen eg skal pynte litt ekstra i år. Ha ein deilig dag du :-)

lørdag 18. februar 2012

Grøn morgon :-)



I dag er det laurdag. Og eg tenkte eg skulle vise deg kva eg pleier å drikke til frukost. Som du ser på bildet så har eg bretta saman ein duk i fire, ein Log Cabin duk. Den egnar seg godt på enden av bordet. Da får den ligge fint i fred, samtidig som når eg vil ha den større, så berre bretter eg den ut. Den er sydd i grått og oliven. Mamma lærte meg at når eg skulle sy Log Cabin, så kunne eg finne eit stoff med fleire farger i, og ta utgangspunkt i dette. Som du ser så er stoffet i midten grønt og beige og grått. Så da blei det som du ser. Videre har eg for anledningen, og sidan det er litt hustrigt ute (øs pøs) tent nokre lys. Løkane som henger litt med nebbet, er ein presang eg fekk til bursdagen :-) Så, til sakens kjerne. Det store glaset, som tek ca ein halv liter veske. Det inneheld her grøn veske. Det heiter ein grønn smoothie. Den inneheld spinat, grønt eple fra Sud Tyrol, trur dei heiter Granny Smith, men er usikker. Usikker kilde altså hehe. Og så har eg hatt i litt vatn, dette for at den skal blande seg lettere i blenderen, og til sist eit løv med Aloe Vera. Det berre tok eg fra ein plante eg har. Dette er ein svært næringsrik frokost. Den smaker litt på sida av det som er eit vanlig smaksrepertoar. Dersom du har lyst til å prøve ein grønn smoothie, og det da er for første gang, anbefaler eg at du bruker banan som tilsetning. Det gir det ein litt søtere smak, så min er for litt viderekomne. Ønsker du å drikke grønn smootihe til frokost, bør du veksle litt på kva grønt du har i, og ikkje berre bruke spinat til dømes kvar gang. I dag har eg få planer, men trur nok det blir ei blanding av husarbeid, sying og anna forefallande kjekke ting. Vi har ruskevær ute, så inne er fint :-) Litt pakking av reklamebrev blir det nok også. Ja, forresten. Hender det at du beskjeftiger deg med rykter? Forteller ting videre som du ikkje veit om det er sant, men det er no ein måte å få litt oppmerksomhet fra andre på? Eg fekk i alle fall høyre i går at eg skulle legge ned butikken! Hehe. Skal eg legge ned butikken? Nei. Skal eg utdanne meg til å bli Zen-Coach? Ja. Skal eg utdanne meg til å bli Rå Mat Chef? Ja. Skal eg gjere litt av kvart, og så får tida vise kva som skjer? Ja. Og egentlig, kor interessant er det å vite kva eg skal gjere om tre år? Det som er interessant det er kva eg og du gjer i dag! Og at det vi gjer i dag gir oss glede akkurat no. Og akkurat no? No skal eg løfte blikket fra dataen, og sjå kva som fell meg inn å gjere :-) Måtte du få ein deilig dag i ro og mak med kreativiteten som følge.

søndag 12. februar 2012

Restefest



I dag er eg så heldig at eg får på sybesøk ei syvenninne og da står på planen å sy :-) eg skal før ho kjem sortere litt i restene mine som eg oppbevarer i norgesglass. De har eg kjøpt på loppemarked for 25 kroner stk. Det går også an å finne de på finn.no Eg tenker å begynne på eit teppe som skal gjenspeile kroppens chakraer, og sidan hjerte chakraet mitt er sterkt så begynner eg der :-) Leste på ein blogg i går om oransje, og det gav meg eit lite puff. Trur eg skal bake scones til oss når vi blir svultne. Håper du har det bra, og at du er snill med deg selv :-) Varm klem!

lørdag 11. februar 2012

Hehe - et pennalhus! :-)













Hei skjønne du :-) I dag har eg sydd ei bursdagsgåve. Eit pennalhus. Eg må sei, eg trives godt når eg gjer det. Ingen blir like, og mottakeren blir som regel glad for det. Når eg syr og skal finne stoff, ser eg ofte at eg mangler stoffer, men det er like fort gløymt når eg kjem på jobb og har alle stoffa rundt meg. Men, i dag måtte eg berre innsjå at blant dei blå stoffa var det veldig skralt. Så, eg har bevilga meg nokre nye fra dei flotte blå eg la inn i nettbutikken i dag. På bildene ser du den fine toalettmappa, nei pennalhus var det visst, eller kven veit no kva som vil havne oppi der. Og du ser kva verktøy eg bruker mest. Og du ser stoffsamlinga mi. Eg har sysakene mine i ein krok i stua, greit og oversiktelig. Og sosialt :-)