lørdag 21. januar 2012

Bra for Moder Jord



Kjære deg :-) hender det at du tenker på kva som ville være det beste for planeten? Det beste for jorda vår og fellesskapet? Eg tenker ofte på det. Og i dag vil eg vise noko eg gjer som eg tenker er bra for planeten. Når eg skal ha vatt inni eit arbeid, så hender det fra tid til anna at det har samla seg opp rester av vatt. Har eg eit prosjekt eg da veit eg kjem til å quilte litt tett, så bruker eg vatt som eg skjøter. Her ser du korleis eg har puslespillt litt utover påskeløperen, og desse syr eg sammen med sik sak.Det kan være greit å reinskjære etterkvart, da unngår eg at det buler opp. Så, i dag blir det påskeløper og studier om kvarandre! Og jammen skin ikkje sola i bakkane og :-)))

fredag 20. januar 2012

Jordbær brikker



Så er det fredag kveld. Eg må sei, eg synest nett det var det og det var for ei veke sidan. Men, det er ein ny fredag, det veit eg, for eg skal noko anna i kveld enn forrige fredag. Og det er ikkje ein plan som innebefattar symaskina, men i morgon, da trur eg at den er med :-) Uansett. Eg har ei svigerinne som har bursdag på Valentinsdagen, og ho tenkte eg skulle få desse brikkene her. Jordbærstoffet er til salgs i nettbutikken. Eg som lurte på kva det neste eg skulle sy var. I dag var eg så heldig å få tre sekker med klær til ungene, de har eg gått gjennom og mange fine klær venter dem til sommeren. Og til gjengjeld tenkte eg at eg skulle sy nokre ... kan du tippe? Ja, koppebrikker. Varm klem til deg som måtte ha anledning å ta imot :-)

lørdag 14. januar 2012

Skog og saum hand i hand














Hei du! Du ja! Korleis har du forvilla deg hit? Glad du kom, så kan eg fortelle litt kva eg har gjort i dag :-) Legger ved nokre bilder så du kan sjå bedre kva eg snakkar om. Huskar du Dagmar? Eg må innrømme, eg er framleis usikker på om det er eit jentenavn eller eit gutenavn. Eg tykkjer det er litt unisex det navnet, men, navnet skjemmer ingen. Denne dagmar eg snakkar om var eit uver. Og han (ja eller ho) tok slik iferd at han velta ein del tre i ein vidunderlig vakker skog her i bygda som vi kallar Bamseskogen. Det heiter den fordi ein gang i tida gjekk det ungar på ei avdeling som heitte Bamsen, og dei pleide å gå tur inn i den skogen. Så vart den døypt Bamseskogen. Vel, alle desse velta trea skal eg og nokre andre ivrige sage opp til ved. Så det første bildet er meg på nokre av stokkane vi har saga i dag :-)






Dagen er ikkje over med det. Eg er så heldig at eg er mor til mellom anna tvillingar, og dei skal i bursdag i dag og i morgon. Her ser eg mitt snitt til å både spare litt penger (og da spare miljøet for energi både på den eine og den andre måten) og å være litt kreativ. Så eg har sydd eit enkelt penalhus til bursdagsbarnet.









Så har eg vore oppi resteglassa mine og sydd to små koppebrikker til eit vennepar. Eg liker godt å har restene på desse glasa, synest det er veldig dekorativt :-)




















Videre må eg legge til eit bilde til av duken eg sydde hin dagen. Dattera mi, som elsker å ta bilder, kunne fortelle at "Mamma, bilda dine blir kan hende bedre om du har litt meir lys". Ah, så når eg kikka på duken i dag slo det meg; Det er dagslys! Så eg tok eit nytt bilde av den, og her er det :-)

mandag 9. januar 2012

We are all connected























Vi er alle bundne sammen. Eg liker det uttrykket. Det betyr at vi alle er eitt på ein eller annan måte. Når vi ser noko fint, så er det kjekt å tenke på. Men når vi møter ein tosk, td. ein som køyrer forbi meg på ein ufin måte, eller ein som ikkje slepp meg forbi i kassen på butikken... ja da tenker eg at hm, han kan då ikkje være ein del av meg? Eller når undertråden tek slutt rett før eg er ferdig med ein saum? Då tenker eg at der ute er der nokon som konspirerer mot meg og som rett og slett vil at eg skal ha det fælt! Og korleis kan noko slikt være ein del av meg? Vel, det er nok ein del av meg det også :-) Eg tuller litt med deg no. Når undertråden tek slutt, er eg takknemlig for at eg har meir tråd å spole på og at eg veit korleis eg gjer det. Eg har god tid, og slapper av. Når nokon køyrer forbi tenker eg at det er no sikkert ein grunn for at dei har det så travelt, og uansett så er det ikkje mi sak korleis dei køyrer. Og kvifor skulle nokon sleppe meg forbi i kassen? Det måtte i tilfelle være fordi eg ikkje hadde dusja på ei stund og lukta ille. Og da hadde de nok sluppe meg forbi uansett :-) Eg er i kveld takknemlig for at eg kan sy og gjere husarbeid om kvarandre. Og på bildet? Der ser du duken eg sydde i går. Og på kantene har eg frihandsbrodert (på maskin) We are all connected :-)