mandag 20. februar 2012

Påskeduk klar :-)



Ja er det ikkje rart? Snart er påska her. Og påske er for meg snø som smeltar og sola som skinner i bakkane. Her på Sande er naturen laga slik at om vinteren så skin sola på nokre bakkar i fjellsida til eit fjell som heiter Fløyen. Dei som bur på den sida bur på solsida på ein måte. Andre mister sola rundt fire fem veker om vinteren, då er ho bak eit fjell som heiter Steiafjellet. Uansett. Eg har sydd ferdig ein litt utradisjonell påskeløper. Så eg har to fine løpere eg skal legge fram når påska kommer. Av ein eller annan merkelig grunn har eg masse julepynt og lite påskepynt. Men, det akter eg å gjere noko med. Trur til og med eg skal sy oss påskebrikker, og de også i litt utradisjonelle farger. Kjenner kjeven strekker seg litt og eg lurer på om eg er i ferd med å gape over for myke? Hehe. Uansett. Påska kjem kvart år, og den er så deilig med lovnader om sol og sommar. Mamma pleide å pynte masse, og eg trur jammen eg skal pynte litt ekstra i år. Ha ein deilig dag du :-)

4 kommentarer:

  1. Hei Desirée. Sola skin inn kontorvindauget mitt, og eg har bevilga meg ein kaffekopp og ein inspirasjonspause. Eg held på med eit babyteppe til niesa mi, Terese, som har termin ein gong i løpet av den neste månaden, og så gjekk eg i stå ein gong like etter jul......og no byrjar det å haste med å få det ferdig. Trur dagen i dag er perfekt til å kome i gong igjen. Takk for god inspirasjon....på alle måter. Smil frå Bodil

    SvarSlett
  2. En lekker og varm løper :-)
    Deilig med våren og litt varme.

    SvarSlett