tirsdag 14. februar 2012

Heime tirsdags formiddag! :-)


I dag er eg heime. Dvs, no er eg heime og snart skal eg gå. Men no sitter eg ved datamaskina og tenkte å skrive litt om kvifor eg er heime. Det er ei litt lang historie, så du får no bestemme sjølv om du vil lese om det. Det er ikkje noko revolusjonerande eg skal skrive om, og det kan hende du kjenner deg att, ikkje veit eg. I alle fall. Det begynte i dei dager då Rastapopolus kom i hus. Det er ein rasekatt av sorten Ossicat. Trur det staves slik. Skulle vi kjøpt den ville den kosta oss 7000 kroner, men sidan eg veit veldig godt kor mykje stoff, cashewnøtter, spinat, fleirfarga tråd, bøker, billetter til ulike spennande arrangement og eg kunne fortsette i det uendelige ... eg får for så mykje pengar så skjønar du sikkert no at vi har ikkje betalt for den. Vi er liksom vertsfamilien dens. Og det betyr at eigaren kan låne den når ho vil, pare den da med andre formodentlige reinrasa ossicatter og stille den ut. I starten når vi hadde den synest vi det var sååå søtt at den spiste alle mulige ting. Drakk kaffi med melk i, spiste ostepop og smuler fra golvet. Etterkvart kom vi til å tenke på at dersom eigaren skal stille den ut, så burde vi kan hende la det være å fore den opp på all slags mat som kunne legge seg her og der. Eg synest eg ser dei på utstillinga, strekke han ut så lang han er, og der, midt på magen, ikkje akkurat ein mage, men heller ei kanonkule! Hehe. I alle fall. Før Rastapopolus kom i hus, hadde vi to katter til. Magnus, han er 11 år. Og Pio, han trur eg må være ni år. Vi byrjar å nærme oss sakens kjerne til min tildels ufrivillige heimeføremiddag. Pio held fortet så godt han kan. Freser og hveser att i blant så Rastapopolus ikkje skal tru at han berre kan komme her og komme her. Magnus har ein litt annan taktikk. Han ser tilsynelatande ut til at han har underkasta seg den nye, men i det siste har han begynt å markere at han er i heimen han også, og at vi skal slettes ikkje oversjå han. Først trudde vi at han hadde ein infeksjon som gjorde til ufrivillig .. ja du veit .. heiter det vannavlating? Så vi tok han med til dyreveterinæren som ungene kaller han. 850 kroner fattigere (og dere veit jo kor mykje stoff ein kan få for det, alt etter som det er basisstoffer eller batikker, for å ikkje snakke om japanske vevde stoffer!) fekk vi vite at han var frisk som ein fisk! Men, at han nok ville gjere det klart at han også var eit verdig medlem av storfamilien vår. Heldigvis var det patriarken i huset som var til dyrlegen med han. Tidlegare har eg kome med forslag om at... ja, vi kan jo stenge dei inne på vaskerommet når vi er borte, så kan dei gå ut kattedøra osv. Den låta har ikkje fått særlig gehør, faktisk ikkje gehør i det heile tatt! :-( Men, etter desse markeringane har pipa fått ein annan låt. Ja, eg liker litt sånne ordtak hehe. Og i dag, når den eldste håpefulle vart vekt, var det ikkje tvil om kva som hadde skjedd på rommet hans i løpet av natta. Da var det brått ikkje så vanskelig å være enige om at "ja, det beste er nok at dei er på vaskerommet når vi ikkje er her, og så kan dei jo gå ut kattedøra når dei vil :-)" Dipolomatisk som eg er braut eg ikkje ut i eit raseri og sa; (eller ropte) Kva har eg sagt i vekesvis!??? Smiler, neida eg sa. Du? Eg trur eg blir heime eg da. Så kan eg vaske alle klea poden hadde strødd på golvet, han treng ikkje teppe ser du, han berre har eit jevnt lag med klede på golvet. Ingen ville sjekke nøyaktig kvar det var skjedd, så alle måtte vaskast. Poden gjekk på skulen i t-sjorte, trur her er berre null grader i dag, så det går greit. Han er jo så varmblodig :-) Så har eg vaska rommet grundig (Har prøvd å få tilgang ei stund, så no måtte eg nytte sjangsen) og så har eg jo da sydd litt også. Vi bruker ikkje vaskemiddel i klea, berre vaskemagneter, som fungerer supert og er bra for miljøet. Kjenner du nokon som driv med enjo vaskeremedier så får du kjøpt dei der. Koster 500 kroner og har livstidgaranti. Einaste ulempe er at klea må hengast opp med ein gang. Så da måtte eg bli heime to timer og det tar som kjent ikkje to timer å vaske eit gutterom. Eg må innrømme at bortsett fra vaskinga har det vore ein fin start på dagen :-) Over til bilda. Krabbeteppet er i flanell. Eg synest motivet er så søtt. Eg har brukt tre stoff på baksida i flanell, fleece inni og eit panel på framsida. Quilta der det høvde. Videre har eg sydd fleire blokker på sengeteppet som skal være ferdig i august. Dette prosjektet er eit svært godt eksempel på kvifor ein IKKJE skal bruke opp stoffene sine. Når eg skal sy eit dobbelt sengeteppe i rødt og grått, da er det kjekt å kunne plukke i stoffene, og få det litt variert. kor mange blokker det blir veit eg ikkje, når eg har rundt 40 skal eg begynne å legge utover og finne ut korleis resten skal være. Mønsteret er fra boka Modern Log Cabin. Til sist vil eg kommentere de fine romskipene tvillingene har laga av papp som er inni stoffrullene. De går på med friskt mot og bygger det de finner på. Så krangler de og blir sure, så blir de venner igjen og bygger videre. I går trakk de lodd om hvilket som var finest! Jakob som veit veldig godt kor lei seg Johannes er når han taper sørga for at det sto Johannes på begge lodda :-) Jau jau. Håper du har ei deilig stund der du sitter ved pc en. No skal eg henge opp klede, sjekke dufta på rommet og gå til jobb. Ja, for du skjønnar, batteriet på bilen var flatt i dag :-)) Varm klem fra Desiree













4 kommentarer:

  1. Hei
    Jammen har du hatt litt av en Valentinsdag,som det så fint heter 14.februar!!!!Først av alt,er så glad vi ikke har katt/dyr,nettopp på grunn av slike "små"uhell,eller hva de nå kaller det.Har hatt rasekatt svigermor kjøpte til sin sønn,vi var ikke kompiser,gubben valgte heldigvis meg!Kattepis lukter leeeeeeeenge selv om en har vasket aldri så mye,kryr av katter rundt huset her,så eg vet hva eg snakker om."Ja,men den er jo kastrert",kjenner til svaret når en ymter frampå?Så var det golvteppe på soverommet,alldeles unødvendig,selv om ho har det også!Ok,fra snoren på vaskerommet,åpne døren og hiv klærne rundt,var faktisk ganske skøy på dagens husarbeid.Ho lurte da,koffor,bedre en liten stund til neste gang!Det er bra å senke skuldrene å få sy,være kreaktiv!Lykke til med "alle" dine katter,godt sammarbeid så går det nok!Men eg har aldri forstått meg på hvorfor hver hustand skal ha en tre-fire katter i byggefelt,de er jo ikke flokkdyr?
    Beste hilsen Quiltegleder Margrethe

    SvarSlett
  2. Takk for HERLIG blogg!!! Både på katte-siden (er katte-elsker på min hals) og sy-siden! :)
    Jorunn F.

    SvarSlett
  3. Hei Jorunn og Margrethe :-)

    Takk for kommentarer. Så kjekt å sjå at det som eg skriv engasjerer. Varm klem til dere begge!

    SvarSlett
  4. Enda en god grunn til å velge å IKKE ha katter i huset! Litt av en jobb, det der... Masse 'tapt' sytid ;-)

    SvarSlett