mandag 9. januar 2012

We are all connected























Vi er alle bundne sammen. Eg liker det uttrykket. Det betyr at vi alle er eitt på ein eller annan måte. Når vi ser noko fint, så er det kjekt å tenke på. Men når vi møter ein tosk, td. ein som køyrer forbi meg på ein ufin måte, eller ein som ikkje slepp meg forbi i kassen på butikken... ja da tenker eg at hm, han kan då ikkje være ein del av meg? Eller når undertråden tek slutt rett før eg er ferdig med ein saum? Då tenker eg at der ute er der nokon som konspirerer mot meg og som rett og slett vil at eg skal ha det fælt! Og korleis kan noko slikt være ein del av meg? Vel, det er nok ein del av meg det også :-) Eg tuller litt med deg no. Når undertråden tek slutt, er eg takknemlig for at eg har meir tråd å spole på og at eg veit korleis eg gjer det. Eg har god tid, og slapper av. Når nokon køyrer forbi tenker eg at det er no sikkert ein grunn for at dei har det så travelt, og uansett så er det ikkje mi sak korleis dei køyrer. Og kvifor skulle nokon sleppe meg forbi i kassen? Det måtte i tilfelle være fordi eg ikkje hadde dusja på ei stund og lukta ille. Og da hadde de nok sluppe meg forbi uansett :-) Eg er i kveld takknemlig for at eg kan sy og gjere husarbeid om kvarandre. Og på bildet? Der ser du duken eg sydde i går. Og på kantene har eg frihandsbrodert (på maskin) We are all connected :-)

1 kommentar:

  1. Lekker duk du har laget - stilig og ren :-)
    Ønsker deg en god helg, la meg til som følger så jeg kan følge med her.

    SvarSlett