lørdag 14. januar 2012

Skog og saum hand i hand














Hei du! Du ja! Korleis har du forvilla deg hit? Glad du kom, så kan eg fortelle litt kva eg har gjort i dag :-) Legger ved nokre bilder så du kan sjå bedre kva eg snakkar om. Huskar du Dagmar? Eg må innrømme, eg er framleis usikker på om det er eit jentenavn eller eit gutenavn. Eg tykkjer det er litt unisex det navnet, men, navnet skjemmer ingen. Denne dagmar eg snakkar om var eit uver. Og han (ja eller ho) tok slik iferd at han velta ein del tre i ein vidunderlig vakker skog her i bygda som vi kallar Bamseskogen. Det heiter den fordi ein gang i tida gjekk det ungar på ei avdeling som heitte Bamsen, og dei pleide å gå tur inn i den skogen. Så vart den døypt Bamseskogen. Vel, alle desse velta trea skal eg og nokre andre ivrige sage opp til ved. Så det første bildet er meg på nokre av stokkane vi har saga i dag :-)






Dagen er ikkje over med det. Eg er så heldig at eg er mor til mellom anna tvillingar, og dei skal i bursdag i dag og i morgon. Her ser eg mitt snitt til å både spare litt penger (og da spare miljøet for energi både på den eine og den andre måten) og å være litt kreativ. Så eg har sydd eit enkelt penalhus til bursdagsbarnet.









Så har eg vore oppi resteglassa mine og sydd to små koppebrikker til eit vennepar. Eg liker godt å har restene på desse glasa, synest det er veldig dekorativt :-)




















Videre må eg legge til eit bilde til av duken eg sydde hin dagen. Dattera mi, som elsker å ta bilder, kunne fortelle at "Mamma, bilda dine blir kan hende bedre om du har litt meir lys". Ah, så når eg kikka på duken i dag slo det meg; Det er dagslys! Så eg tok eit nytt bilde av den, og her er det :-)

3 kommentarer:

  1. Uffja,denne Dagmar rota det til...
    Hos oss har me "akebakkeskogen" :) Heldig den er som får så fint pennal til presang, en liten reiseglad sjørøver kanskje :)

    Godt nyttår Desiree ;O)

    SvarSlett
  2. Kjempeflott duk!Den er flott.

    SvarSlett
  3. Finaste bileta blir alltid til i dagslys - massevis av det.
    Veldig fin duk, forresten :o)

    SvarSlett