lørdag 15. oktober 2011

Inspirasjonshelg i Kinsarvik




Hei på dere :-) Ja, no sitter eg og slapper av i resepsjonen på hotellet i Kinsarvik. I løpet av dagen har eg sydd ferdig lukkekanten på dette resteteppet. Det er quilta av Quiltestallen. 21 syglade damer er samla på Hardangertun, og symaskinene har gått jevnt og trutt i hele dag. Alle syr på vidt forskjellige ting, og det er utrulig kjekt å sjå kreativiteten hos damene. Varm klem til nettopp deg! OBS Minner om Give Awayen hos Sydrøm; http://sydrom.blogspot.com/

søndag 9. oktober 2011

Mine høstlige engler



Siste innlegg i kveld. Dette har vore ei innhaldsrik helg med mykje saum. Øverst på ønskelista står nok fleire slike helger, og eg trur eg skal få til nokre i haust. På bildet ser du høstengleduken min. Opprinnelig er nok mønsteret meint til jul, men eg likte så godt septemberpakken i det japanske abonnementet at eg hadde lyst til å sy noko av det. Det betyr at pr i dag er fleire av stoffa å få kjøpt i nettbutikken. www. lappeteknikk.no Høstengleduken var ein WIP, som blei raskare ferdig enn eg tenkte, sidan eg såg nokre lekre kuvertbrikker på Anne-Grethe sin blogg. Eg har som sagt valgt varme toner, og blanding av japanske vevde stoffer og trykte stoffer. Høstferie står får døra, ein annan energi er i lufta, kven veit, kan hende eg får sydd litt i dagane som kjem? Åh, og før eg gløymer det. Eg såg eit nytt ord (for meg) på ein blogg i dag. WISP, som betyr Work In Slow Progress. Trur nok at mange av prosjekta mine er WIPSs. Ein varm klem til nettopp DEG!

lørdag 8. oktober 2011

Den vesle brikka



Her er den vesle brikka ferdig. Eg trur faktisk det blir ei lita julegåve. Blokka var tilovers fra andre prosjekt, og dermed låg den der i si uferdige prakt. Men, no er den ei brikke som kan ha ei skål med frukt eller lignande på seg. Neste er ein UFO. Ein UFO som er ein slik UFO som har blitt liggande ei stund, og eg skal no mote meg kraftig opp og gjere den ferdig. Det er ein løper, mønster etter AnnAKa. Trur den hette Vårløper. Vel, vi sjåast att om nokre timar. Klem klem!

WIP 7



Dette er eit familieteppe. Det har vore under arbeid i sju år :-) Det ser eg jo godt på tvillingene sine føtter som bare er nokre måneder gamle. I dag har eg quilta ei blokk og sortert og strøket stoffene som er i bruk i det. Og da er det over på neste lille prosjekt. Dette blir ei lita brikke, så enkle greier :-) Varm klem i det deilige lørdagsværet!

Mini Square Dance



Da er den første ufoen ferdig. Dette er vel heller ikkje strengt tatt ein ufo. Eg fekk bildet av ei venninne fra Holland. Den gangen hadde blokkene brun ramme og et slags svart paspartou på seg. Inni ei klipsramme. Så vart klipsramma knust og det har blitt liggende. Eg valgte no å ta bort den brune ramma og sette på mosaikk stoffet som ramme i steden. Da var det jammen bra at eg ikkje hadde brukt opp alle de turkise stoffene mine. Ei god påminning om at det er godt å ha litt stoff å velge i, og at det å sy opp stoffene sine bare er sprøyt :-)) Eg gir meg i kast med neste ufo med friskt mot! Dette er forresten ikkje ein ufo, men det skal bli ein kjøkkenduk til ei venninne. Det er rett og slett ein stoffpakke som ikkje er opna. Med mønster og det heile. Vi ses seinere :-))

mandag 3. oktober 2011

Tepper til Glede



Eg har altså da funne ut at eg skal sy nokre tepper til Tepper Til Glede. Det var kan hende på tide, men alt til si tid, og det er heilt greit at eg no er komen i gang. Her er det første teppet. Mønsteret fann eg i boka du ser midt på bildet. Jelly Babies. Eg brukte ikkje nokon Jelly Roll, men eg valgte å bruke opp limegrønne og blåturkise stoffer med litt anna innblanding. Quilta det sjølv, men det var ei utfordring. Det måler ca 120 cm ganger 150 cm. Eg er veldig fornøyd sjølv, og da skulle eg tru at det vil finne ein eigar som også er fornøyd. Varm klem til dere alle!