fredag 26. august 2011

Sein fredagskveld med hauststjerner

Vel, eg kunne ikkje sjå nokre stjerner på himmelen. På vei heim fra kino, vi såg Hodejegerne som var veldig spennande, øsregna det. Og eg kjente etter, kor trøtt er eg egentlig? Er eg for trøtt til å sy dei to stjernene som manglar på seksten stjerner til teppet eg begynte på i går? Det er litt meg det. Å planlegge ein duk med seksten stjerner, og så når eg er ferdig med blokkene... kva??? berre fjorten stjerner? Argggghh... Og så ... .MÅ eg ha seksten? Kan eg jukse til med to firerblokker eller nierblokker? Så tek eg meg i nakken og seier. Klart det skal være seksten. Vel. No er det seksten. Og i morgon er det ein ny dag med fotball, og mugrugs er klare til å få lukkekant. Om det blir tid til dette teppet i morgonkveld er usikkert. Det vil jo tida vise. Eg trur ikkje eg skal legge noko planar foreløbig. Kos deg i kvelden, og gled nokon anten du er glad i dei eller ei :-)

torsdag 25. august 2011



Ein bunke stoff, ein ettermiddag og ein plan. Eg liker godt å planlegge. Da kan eg liksom drøyme litt om korleis ting blir. Som regel skjer det heilt andre ting enn kva eg drøymde om. Men, det kan bli vel så bra altså. Som i ettermiddag. Mannen min, altså han eg er gift med :-) hadde proklamert at nei, det blir ikkje tid til sopptur i dag, eg skal ditt og datt. Så da tenkte eg, jaja, da blir det symaskina da, og det er ikkje noko dårlig alternativ altså. Når han kom til gards(vi bur i eit hus med hage, men eg synest no til gards høyrest så flott ut) sa han at... dersom vi no kjappar oss litt så rekk vi sopptur likevel. Vel vel.. eg fekk begynt litt på planane mine, og så vart det sopptur. Så no er planen at i morgon, da veit du, da skal eg komme meg videre i høstprosjektet mitt. :-) I tillegg til at Hodejegerne er på kino, og det, det skal vi på :-) Varm klem!

søndag 21. august 2011

Hideaway i mål




















Her ser du teppet ferdig. Eg enda opp med å lage striper som var like breie som firkantene inni når eg skulle ha ramme. Videre blei bitene eg hadde for korte, sidan eg var litt ulur når eg laga firkantane til å ha inni. Men, da vart det slik at eg laga hjørneramme. Dvs at same stoffet går mot kvart sitt hjørne. Eg quilta det veldig enkelt med striper langs dei grønne stripene. Baksida er i stoffer fra samme serie. Eg liker det best når man kan kikke på baksida og ha eit behagelig synsinntrykk. No er det trening og badstu som står for tur. Ha ein fin søndagskveld :-)













lørdag 20. august 2011

Sykveld blei delvis filmkveld :-)

Ikkje så god kvalitet på bildet, skal få tak i fotoapparatet i morgon og ta nytt. Ang planen, så gjekk den delvis i vasken.
Ungane var ute og hadde gløymt å slå av tv en. Eg gjekk opp for å slå av, og der var det ein film på TV3 som heitte Bokklubben Jane Austen eller noko slikt. Eg sette meg ned og såg litt og dermed var det gjort. Eg hadde sett ein pizza i ovnen litt før (flinke meg med heimelaga bunn og greier :-)) så eg måtte springe opp og ned og sjå at den ikkje vart brent, og ville heller ikkje gå glipp av filmen. I reklamepausane sydde eg, og slik går no dagan. Smiler. Tenker på om eg skal sy på ei litt brei ramme, før eg monterer det. Og det tenker eg og litt på om eg skal gjere i morgon formiddag. Så får vi sjå då. Varm klem til alle sammen :-) PS, Jakob til venstre, Pio i midten og Johannes til høgre.

Laurdagssyslar :-)




Tre konsonantar på rad, er det reglar for det? Smiler, med overskrifta meiner eg i alle fall ting å gjere ein laurdags kveld. Klokka er berre fem, eg er nesten heime aleine, oppvasken er teken og eg skal kose meg ved symaskina. Her har det øsregna dei siste timane, og sola kjempar for å trenge gjennom med nokre solstråler. Eg tenner lys og set på litt musikk. Symaskina er klar og eg har ein plan :-) Hehe, nokon som kjenner seg att? Eg har kutta nokre bitar fra serien Hideaway, og tenker å sy striper mellom dei. Du ser eg har laga meg nokre reknestykker, og krysser fingrene for at skjølv om tala ikkje går heilt i hop, så skal to 30-centimetere rekke til alle bitene. Nokre av blokkene deler jo på stripa på ein måte. Vel, eg skal gå i gang, så får vi sjå kvar eg endar. Skal uansett oppdatere seinare i kveldinga når mannen er heime fra oppdraget sitt. Han er festkonduktør for første gang, og eg berre håper han kjem att strålande blid :-) Kos dykk!

mandag 15. august 2011

Mug Rugs i hopetall



Sommeren er over, og eg gleder meg til en høst med mørke kvelder ved symaskina. Te-lys som skal være tente, nye te-smaker skal prøves og alle ideene som eg har skal bli sydd. Her ser du nokre av mug rugene eg har sydd i sommer. De aller fleste fikk lukkekanten tilsydd mellom fotballkamper. En pausesport som varmt anbefales. Ha en deilig høst alle sammen!