fredag 29. juli 2011

Liten veske


Ja, her er det litt framdrift på ulike arenaer. Vi har planta noen tuer med stjålet blomster, de kommer fra veikanten hist og pist, så eg har ikkje så veldig dårlig samvittighet. Tuene er altså planta på taket vårt. Så får vi sjå om dei kjem seg. Har sydd ferdig ei lita veske. Handtakene har eg plukka av nokre handleposer. Synest det var litt kult :-) Ellers har eg sydd en haug med koppebrikker som venter på å bli lagt lukkekant til. No blir det ein liten pause fra min kant, men kjem tilbake. Da skal eg ta nokre bilder av alt som er ferdig. Håper du har fine dager fylt med omsorg og ettertanke. Varme klemmer til dere alle!

fredag 22. juli 2011

Kun Gud er feilfri :-)






Ordtaket i tittelen kjenner mange til. Blant kvinnene som syr lappeteknikk i Amish regionen, er dette eit ordtak som blir brukt også i lappeteknikkens verden. Eg er blitt fortalt for mange år siden at siden kun Gud er feilfri, så vever de inn en feil i teppene sine. Ofte må man lete godt for å finne den. Ser du feilen på bildet? Smiler, slik går det når eg skal skynde meg litt, og egentlig mentalt er ferdig med toalettmappa eg skal sy. Så får eg ein lærepenge da, når eg har klart å sy sammen feil. Det skjer i dei beste familiar har eg høyrt ;-)





Ellers har eg sydd sammen japanske vevde firkanter og Evening Mist firkanter. De måler 4 ganger 4 inch. Fikk nokre firkanter til overs, dei tenkte eg å bruke i baksida. Tenkte at dette kunne bli en stoffpakke i nettbutikken, så vi får sjå. Avsporinga fra planen om å sy mange små ting til marknaden er i alle fall i full gang.











mandag 18. juli 2011

Å rydde i rester


Å rydde i rester er noko eg liker godt. Og bra er det, så lenge eg syr lappeteknikk så vil det være ein aktivitet eg kjem til å halde på med no og då. I september skal eg og ei lappevenninne være med på Gaularmarknaden. For første gang (følest det i alle fall, og hukommelsen min er slik laga at eg husker ikkje alt lenger) skal eg være med med stand og selge ting eg har sydd. Eg drages mellom å "burde" bruke opp stoffene mine, og det å sy det som fell meg inn. Denne gangen har eg satt meg fore å rydde i restestoffene og søke å sy ting til marknaden av dei.

Vel vel, etter å ha starta å rydde fann eg ut at.. tja, eg kan jo begynne så smått på å sy eit sengeteppe også, gjerne i regnbue farger. Høyrer du logikken? Smiler, sy til marknad om seks veker, kombinert med å begynne å sy på eit sengeteppe? Som du skjøner er der fleire stemmer i hovudet mitt som kivast (les slost) om å bli høyrd og vil bestemme.

I alle fall. Dei fire innerste blokkene er klare. Eg trur eit slikt teppe har i alle fall 150 blokker. Og no tenkte eg å sy nokre mugrugs eller brikker av dei gule restene. Så får vi sjå kva det blir til. Sannsynligvis har eg ombestemt meg om fem minutter, men det gjer jo ingenting. Så lenge eg syr det eg har lyst til å sy :-)

Desiree på blogg :-)

Ja, da er eg på plass i blogglandia. Her blir det nok lett blanding av kva eg syr, kva eg planlegg å sy og litt butikkinformasjon.

Håper du vil finne bloggen inspirerende og at du dann og vann finner veien til butikken for å handle.

God sommerklem fra Desiree!