fredag 26. august 2011

Sein fredagskveld med hauststjerner

Vel, eg kunne ikkje sjå nokre stjerner på himmelen. På vei heim fra kino, vi såg Hodejegerne som var veldig spennande, øsregna det. Og eg kjente etter, kor trøtt er eg egentlig? Er eg for trøtt til å sy dei to stjernene som manglar på seksten stjerner til teppet eg begynte på i går? Det er litt meg det. Å planlegge ein duk med seksten stjerner, og så når eg er ferdig med blokkene... kva??? berre fjorten stjerner? Argggghh... Og så ... .MÅ eg ha seksten? Kan eg jukse til med to firerblokker eller nierblokker? Så tek eg meg i nakken og seier. Klart det skal være seksten. Vel. No er det seksten. Og i morgon er det ein ny dag med fotball, og mugrugs er klare til å få lukkekant. Om det blir tid til dette teppet i morgonkveld er usikkert. Det vil jo tida vise. Eg trur ikkje eg skal legge noko planar foreløbig. Kos deg i kvelden, og gled nokon anten du er glad i dei eller ei :-)

1 kommentar:

  1. Du er så utrolig flink, forstår ikke hvordan du får det til !!
    Ha en fin dag, klem.

    SvarSlett