lørdag 20. august 2011

Laurdagssyslar :-)




Tre konsonantar på rad, er det reglar for det? Smiler, med overskrifta meiner eg i alle fall ting å gjere ein laurdags kveld. Klokka er berre fem, eg er nesten heime aleine, oppvasken er teken og eg skal kose meg ved symaskina. Her har det øsregna dei siste timane, og sola kjempar for å trenge gjennom med nokre solstråler. Eg tenner lys og set på litt musikk. Symaskina er klar og eg har ein plan :-) Hehe, nokon som kjenner seg att? Eg har kutta nokre bitar fra serien Hideaway, og tenker å sy striper mellom dei. Du ser eg har laga meg nokre reknestykker, og krysser fingrene for at skjølv om tala ikkje går heilt i hop, så skal to 30-centimetere rekke til alle bitene. Nokre av blokkene deler jo på stripa på ein måte. Vel, eg skal gå i gang, så får vi sjå kvar eg endar. Skal uansett oppdatere seinare i kveldinga når mannen er heime fra oppdraget sitt. Han er festkonduktør for første gang, og eg berre håper han kjem att strålande blid :-) Kos dykk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar