torsdag 25. august 2011



Ein bunke stoff, ein ettermiddag og ein plan. Eg liker godt å planlegge. Da kan eg liksom drøyme litt om korleis ting blir. Som regel skjer det heilt andre ting enn kva eg drøymde om. Men, det kan bli vel så bra altså. Som i ettermiddag. Mannen min, altså han eg er gift med :-) hadde proklamert at nei, det blir ikkje tid til sopptur i dag, eg skal ditt og datt. Så da tenkte eg, jaja, da blir det symaskina da, og det er ikkje noko dårlig alternativ altså. Når han kom til gards(vi bur i eit hus med hage, men eg synest no til gards høyrest så flott ut) sa han at... dersom vi no kjappar oss litt så rekk vi sopptur likevel. Vel vel.. eg fekk begynt litt på planane mine, og så vart det sopptur. Så no er planen at i morgon, da veit du, da skal eg komme meg videre i høstprosjektet mitt. :-) I tillegg til at Hodejegerne er på kino, og det, det skal vi på :-) Varm klem!

2 kommentarer:

  1. Så fine stoffer du har fått deg... spennende hva du skal bruke dem til :)
    Ha en god natt, klem.

    SvarSlett
  2. Blir det ikke mange ganger som Albert Åberg sier..."Skal bare....." Kos dere på kino.

    SvarSlett