mandag 18. juli 2011

Å rydde i rester


Å rydde i rester er noko eg liker godt. Og bra er det, så lenge eg syr lappeteknikk så vil det være ein aktivitet eg kjem til å halde på med no og då. I september skal eg og ei lappevenninne være med på Gaularmarknaden. For første gang (følest det i alle fall, og hukommelsen min er slik laga at eg husker ikkje alt lenger) skal eg være med med stand og selge ting eg har sydd. Eg drages mellom å "burde" bruke opp stoffene mine, og det å sy det som fell meg inn. Denne gangen har eg satt meg fore å rydde i restestoffene og søke å sy ting til marknaden av dei.

Vel vel, etter å ha starta å rydde fann eg ut at.. tja, eg kan jo begynne så smått på å sy eit sengeteppe også, gjerne i regnbue farger. Høyrer du logikken? Smiler, sy til marknad om seks veker, kombinert med å begynne å sy på eit sengeteppe? Som du skjøner er der fleire stemmer i hovudet mitt som kivast (les slost) om å bli høyrd og vil bestemme.

I alle fall. Dei fire innerste blokkene er klare. Eg trur eit slikt teppe har i alle fall 150 blokker. Og no tenkte eg å sy nokre mugrugs eller brikker av dei gule restene. Så får vi sjå kva det blir til. Sannsynligvis har eg ombestemt meg om fem minutter, men det gjer jo ingenting. Så lenge eg syr det eg har lyst til å sy :-)

1 kommentar:

  1. Rydde i rester ja, holder på jeg også. Blir ikke så fort lite i kassen, lurer på hvordan jeg har fått så mye biter oppi kassen mange ganger.

    Og jeg skal ta en tur på giveaway hos Britt, hun har en flott blogg, og premien frister den også :)

    SvarSlett